Forbundslederen har ordet

Du er her: Forsiden / ...Publisert 2011 / Allmenngjering og veien vidare

Allmenngjering og veien vidare

30. mar 2011 15:40

Arve BakkeLov om allmenngjøring av tariffavtaler vart vedtatt av Stortinget i juni 1993 og sett i verk frå og med 1994. Tidspunkta hadde samanheng med EØS-avtalen som Norge slutta seg til på den tida. Formelt betydde det at Norge vart ein del av EU/EØS sin arbeidsmarknad med fri rørsle av arbeidskraft mellom landa. Reelt betydde vedtaket lite dei første åra. Det skjedde ikkje særleg meir arbeidsvandring åra etter at grensene vart opna. Så kom utvidinga austover i 2004. Den fekk heilt andre verknader for Norge. Vi har hatt eit omfang av arbeidsinnvandring ingen såg føre seg da allmenngjeringa vart vedtatt.

Spørsmålet i dag er kor allmenngjeringa står seg i høve til det som var formålet med den for snart 18 år sidan. Fellesforbundet er svært opptatt av dette, fordi vi stort sett er det eianste forbundet som har krevd allmenngjering og som har fått det. Vi er opptatt av å ha ei allmenngjeringsordning som fungerer. Vi har hausta ei god del erfaring. I tillegg har forbundet engasjert Kjell Skjærvø som har skrive tre rapportar for oss om temaet. Vi har derfor fått nyttig lærdom når vi no må diskutere og ta stilling til veien vidare for allmenngjeringa. Det må vi også fordi sist landsmøte påla oss å vurdere alternativ til gjeldande lovgining. Våre erfaringar med allmenngjering så langt tilseier at det er behov for endringar.

Forbundsstyret har no i vinter hatt dette som tema på to forbundsstyremøte. Eit samla forbundsstyre har lagt vekt på at vi må vurdere alternativ, og at det må skje i prosessen fram mot landsmøtet og på landsmøtet. Det betyr at det haster.

Men så seier nokre at allmenngjeringa har jo fungert godt, bør den ikkje då berre vere som den er? Og er ikkje allmenngjeringa det viktigaste verkemiddelet vi har mot sosial dumping i tillegg til organisering? Svaret er ja på begge spørsmåla, men berre delvis. Gjennom allmenngjeringa har mange utanlandske arbeidstakarar fått betre løns- og arbeidsvilkår enn dei elles ville kunne fått. Likevel må vi fastslå at mykje ikkje verkar. Særleg på verfta er avtaledekninga blitt svakare, der arbeidet mange stader i stor grad skjer ved innleigd arbeidskraft utan avtale. Framleis blir det operert med "netto lønn" der utgifter til reise, kost og losji blir trekt i frå den allmenngjerte minsteløna. Vidare er allmenngjeringa omstridd. Arbeidsgjevarane har stevna både oss og ordninga for retten. Og vi må vere førebudde på at dagens ordning ikkje vil overleve eit eventuelt regjeringsskifte.

Ordninga er blant anna slik i dag at dersom vi ønsker vidareføring av vedtak om allmenngjering utover første gangs vidareføring, må dokumentasjon på situasjonen i bransjen på ny hentast inn, og tariffnemnda må så vurdera kor sannsynleg det er at problem på nytt vil kunna oppstå. Den utfordringa vil oppstå til neste år dersom vi ønsker å vidareføre allmenngjering for byggfaga og for verfta. Den oppsto i fjor da vi ville vidareføre allmenngjeringa på petrokjemianlegga. Som kjent avslo nemnda å vidareføre allmenngjeringa ved desse anlegga fordi den ikkje kunnne sannsynleggjere at problem kunne oppstå om allmenngjeringa vart fjerna. Eit medlem av forbundsstyret illustrerte denne utfordringa med følgjande eksempel: La oss seie at vi overlet til ei offentleg nemnd å vedta om vi skal vidareføre vedtak om fartsdumper på vegane. Korleis skal ei slik nemnd kunne sannsynleggjere at vi ikkje får fleire trafikkulykker dersom dumpane blir fjerna?

Nei, det blir ganske umulig, og slik kan det også bli med allmenngjeringa. Derfor er forbundet opptatt av at vi får ei ordning der dette dokumentasjonskravet fell bort. Ein måte å gjere det på er å seie at når ein av partane, eller begge partar går inn for allmenngjering, då må tariffnemnda realitetsbehandle eit krav om allmenngjering utan vilkår om dokumentasjon.

Kva skal så allmenngjerast? Utgangspunktet bør etter mitt syn vere at der partane blir enige, er det dei vilkåra som partane blir enige om som skal gjelde. Der dei ikkje blir enige, er det berre bestemmingar i tariffavtalen som regulerer lønnsvilkår som allmenngjeringa skal omfatte.

Da allmenngjeringslova vart vedtatt såg ein for seg at allmenngjering berre var noko som skulle skje innafor eit begrensa område og for eit begrensa tidsrom. Slik ser ikkje eg for meg i dag at det blir. Med den omfattande arbeidsvandringa vi har og som vi ganske truleg vil få i åra som kjem, trur eg at allmenngjering er noko det er behov for over lengre tid. Ei ordning som støttar opp om eit organisert arbeidsliv og partane si rolle. Det tilseier at vi må ha ei robust ordning som kan stå seg overfor fleire utfordringar. Da er det ikkje minst viktig at vi kan få på plass ordningar der vi også kan stå saman med arbeidsgjevarane. Og vil ikkje arbeidsgjevarane, må vi ha ei ordning der vi kan krevje allmenngjering utan dei krav til dokumentasjon som gjeld i dag.

 

 


Publisert: 30. mars 2011 15:40, Sist oppdatert: 30. mars 2011 15:44